OM VAFA FISKE I OTRA FJELLVATNA KART FISKEKORT GALLERI
© VAFA admin. Valle fiskeadministrasjon. Sist oppdatert april 2014. Utforming Tor Moseid
VAFA takker alle annonsørar for støtte.
Kjøp VAFA fiskekort her
vafa.no
FISKE I OTRA OG SETESDALSHEIANE
Setesdal austheia På austheia er det og fleire gode fiskevatn. Vatnet lengst aust, Fisstøylvatnet i Finndalen kjem ein lettast til ved å kjøre frå Kleivegrend i Fyresdal. Siste biten er bomveg til Torsdaldammen i sørenden av Fisstøylvatnet. Til vatna i søraust kjem ein lettast ved å køyre bomveg frå Bjørgum til Bjørgedalen eller bomveg frå Hovet til Gjerdestøyl. Mange høgdemeter og mykje tid og sveite spart. Dalsidene i Setesdal er både dryge og bratte. Det er grei parkering i enden av alle desse vegane. Setesdal vesthei Store delar av vestheia er det som tidligare var Njardarheim Veidemark. Eit 1 000 000 mål stort område i Setesdal, Sirdal og Suldal. Fiskevatna ligg på rekke og rad. I sør er det lettast å kome til frå FV 337, Brokke - Suleskardvegen. DNT Sør har merka løyper og fleire hytter i vestheia. Frå Berg i Valle er det også greit å kome til vestheia. Køyr frå RV9 sør for Valle til Berg. Her kan ein velje å parkere ved bommen eller betale for å køyre endå endå eit par kilometer. Eit par hundremeter frå parkeringsplass startar løypa til DNT Sør mot Stavskard og Bossbu.
Aure på 2-3 kg i Nutevatn, kilofisk i Hevatn og i mange andre VAFA-vatn. Fiskekvaliteten vert stadig betre. Kalking har fått fisk tilbake i fisketomme vatn.
Klikk på annonse for å kome til annonsørane si heimeside
FJELLVATNA