OM VAFA FISKE I OTRA FJELLVATNA KART FISKEKORT GALLERI
vafa.no
FISKE I OTRA OG SETESDALSHEIANE
VAFA er ei samanslutning av grunneigarlag i Valle kommune. Formålet er å få flest mogeleg fiskevatn i kommunen på eit fiskekort og å samordne kultivering for grunneigarlaga.
Valle i Setesdal Valle kommune midt mellom aust og vest i Sør-Noreg, 150 km frå kysten. Med eit areal på totalt 1265 km2 og meir enn 130 km2 vatn har Valle kommune god plass til dei som kjem hit for å oppleve natur og fiskelykke. Naturen er kupert og variert, og vekslar frå kulturlandskap i dalbotnen til høgfjell og nutar. Hovuddalen ligg i retning nord-sør. Her renn Otra som har si kjelde mellom Haukelidgrend og Hovden og munnar ut ved Kristiansand. Elva deler kommunen i to; austheia og vestheia. Både aust- og vestsida av dalen har gode fiskevatn. Setesdal Austhei og Vesthei ligg jamt over mellom 800 og 1000 m.o.h. I Rjuvenområdet på Vestheia er det fleire toppar over 1400 m.o.h. På Austheia er Ljomsnuten den høgaste med 1268 m. Valle kommune har ca. 1200 innbyggjarar. Det er to senter i kommunen, Rysstad og Valle. Kommuneadministrasjonen ligg i Valle.
Avstander til Valle, km: Kristiansand 150. Arendal 170. Stavanger over Suleskard 150. Haukeligrend 90. Bergen 290. Oslo 285. http://kart.gulesider.no/
© VAFA admin. Valle fiskeadministrasjon. Sist oppdatert april 2014. Utforming Tor Moseid
VAFA takker alle annonsørar for støtte.
Kjøp VAFA fiskekort her
Klikk på annonse for å kome til annonsørane si heimeside
OM VAFA